marts 18, 2014

Åbent brev til den norske Helsingfors Komitè.

 (På nynorsk. Enkelte steder med danske ord i parentes)

Til
Den norske Helsingfors komite,
Oslo.

Helsingforskomiteens engasjement i samband med Ukraina og Krim.
Underteikna, Norvald Aasen, vil i korte trekk kommentere dykkar (=deres) sterke uttalar og engasjement i høve (= i forhold)til krisa i Ukraina og på Krim. Det vert sagt frå informasjonspersonen, Berit N. Lindeman, at valet på Krim er ulovleg og at ingen andre land i verda, enn Russland, støttar ønskje om å knyte Krim til Russland. Var det ikkje like stort brot på folkeretten når russarane måtte finne seg i at landområder der dei vart sterkt representerte vart lagd til Ukraina av Krustsjov som sjølv var ukrainar?
Det vert hevda at valet på Krim er ulovleg på grunn av at Russland sende inn militære styrkar i området. Men var det ikkje nett slik Vesten gjorde både på Balkan i 1999 og i Irak seinare, og også i Afganistan? Dette svineriet som NATO og Vesten har drive rundt om i verda er altså i tråd med folkeretten!

Så vil eg nemne ein ting som skurrar når eg høyrer all denne kritikken frå dykk (= dere, jer), og andre politisk korrekte institusjonar, alt dette "ulovlege" som no skjer på Krim med lausriving (=løsrivelse)og kva (=hvad) det internasjonale samfunn meinar om dette:
Stopp opp eit lite sekund og tenk etter kva som skjedde i Kosovo og kva side de då stod på! Ein rå og brutal bombekrig mot eit lite land på Balkan, øydelegginga av kyrkjer og minnesmerker som var minne om at Kosovo var serbisk land og kultur. Desse vandalistiske ugjerningane utførde av kosovoalbanarar stod ofte nato-soldatar og såg på utan å gripe inn. Nato hadde heller ikkje godkjenning frå SN (=FN) til å gå til krig mot Serbia. Men krigskåte leiarar (= krigsgale ledere) i Vesten, som Bondevik og Vollebæk, hjernevaska opinionen til å tru at denne krigen var rettvis.
Så enda det med at den finske diplomaten og politikaren, Ahtisaari, fekk i oppgåve frå SN til å utforme lausrivinga og landrøveriet då Kosovo vart underlagt muslimane i eit Stor-Albania.

Dette høyrde eg aldri eit kritisk pip til frå Den norske Helsingforskomite! Eg synes det er synd viss de no skal gå i same fella som den gangen med å utpeike Putin som skurk, under Kosovo konflikta var det Milosevic som var skurken for heile Vesten.

Kom ikkje å fortell meg at alt som Vesten står for er rettvist og bra. Visst har Russland og gamle Sovjet mykje blod på hendene, men det har jammen Vesten også. Kva med USA sine trådar til stort sett alle konflikter i verda, dette for å "sikre amerikanske interessar", som det heiter. Kva med krigen i Irak som har gjort livet langt verre enn under tyrannen Saddam? Alle kolonimaktene i Europa som har rana til seg mykje av kolonilanda sine ressursar, og som har skapt seg storheitstider sjølve på framferda i koloniane.

Vi ser heller ikkje at DNHK ytrar seg når det gjeld at mange av Europa sine urfolk, som t.d nordmenn er påtvungne ei utvikling som vil føre med seg at nordmenn på sikt vert ein minoritet i eige land. Kva ventar DNHK seg av den tida som kjem (=kommer), litt etter litt, då Europa vert islamisert.? Den påstanden treng de ikkje tilbakevise, for de veit så inderleg vel at det er nett det som vil skje også i vår verdsdel. Thorvald Stoltenberg uttala eingong i eit radioprogram med Morten Jentoft at han syntes berre det var positivt med ein muslimsk stat i hjartet av Europa.
Stoltenberg kunne vel ikkje vere så dum at han trudde at Islams soldatar berre vil verte tilfredse med "ein stat" i Europa, i alle høve (= tilfælde) ikkje i vår tid då Europa sjølve fostrar fram så mange femtekolonnistar?


Norvald Aasen, 6983 Kvammen,

16.03. 2014