maj 31, 2015

Brev fra Norge

Brev fra Norvald Aasen i Norge til et medlem i Stortinget

Kære danske læser. Bild dig nu ikke ind, at du ikke kan forstå dette brev på nynorsk. Læs det højt for dig selv, så skal du se, at det går lettere end du troede..

Herr
Geir S. Toskedal, Krf
Stortinget
Det var trist å sjå intervjuet med deg på Dagsrevyen den 27. mai 2015.
Det viste at de slett ikkje har tenkt å legge om kursen når det gjeld masseinnvandringa, og at de gladeleg ignorerar velmeinte råd frå grasrotfolket.
I førre brev til meg skreiv du at de arbeidde for ei betre verd å leve i. Meinar du at det å skifte ut oss nordmenn med andre folkeslag i vårt eige fedreland, det å avhende landet, vil gjere verda betre å leve i?
Nei, Toskedal, her er det nok andre ting som ligg i botnen, men som vi ikkje skal få kjennskap til før det er for seint for oss, folket, å reagere!  Globaliseringa!
Kan såleis vise til Sverige der det no vert etablert meiningspoliti for å straffe kritiske røyster mot masseinnvandringa og kritikk av utskiftninga av folket der. Det er nok det same som ligg i botnen på norsk politikk. men vi kjem litt lenger ute i løypa enn kvar Sverige er no, difor har vi nokre fleire år på oss før sanninga vert slept ut over oss, også her.
Den politiske taktikken er nok å i stillheit og utan særs støy å få så mange framande inn i landet at vi stadeigne, nordmenn og samar, ikkje lenger kan påverke vår eigen utvikling og situasjon gjennom val. Då er dei framande mange nok til å avgjere alt gjennom røystesetelen slik dei sjølve vil. Vi som eig dette landet vil effektivt verte plasserte på sidelinja som hjelpelause dhimmiar og husmenn.
Tenk, Geir Toskedal, dette er nok dykkar plan! Men de er ikkje ærlege nok til å fortelje planen til veljarane. Det ville gå ut over tilslutninga til dykkar etablerte parti.
Så uærleg er politikken, også i Norge, og i så godt som alle etablerte politiske parti her i landet. De køyrer oss gladeleg mot stupet, men dei naive og godtruane Ola og Kari skal ikkje vite kva planen dykkar er. Og dette har de hatt valdsgjengar som blitz med på gjennom alle år. Dei er makteliten sitt gatepoliti og gjer det skittenarbeidet som politiet endå -endå- ikkje kan ta av omsyn til opinionen.
Dette var sanninga, ei tragisk utgåve av den, herr Geir Toskedal!
Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Brevet vert spreidd på ulike nettstadar.
d.s