november 16, 2015

En opsang til den norske statsminister Erna Solberg


  Det her er på norsk landsmål. Hvis det kniber med at forstå det, så læs det højt for
  dig selv, så går det bedre!
 Åbent brev til den norske statsminister Erna Solberg

 Ope brev:

Til
Statsminister Erna Solberg.

Eg ser i media bilete av deg med teksten, Gråtkvalt Erna Solberg.

Dette er kvalmande å sjå! Og du fortel gråtkvalt at du gifta deg i Paris. Er det så viktig då?

Er det ikkje Europa sine politikarar som står ansvarlege for det vi no ser, og det vi lenge har sett, i Europa. Det er ikkje lenge sidan du skulda oss nordmenn for "muslimhets".
No skal de vel igjen ein tur til Paris for å stå samla "mot terroren" som de har vore ansvarlege for å ha drege inn over heile verdsdelen vår.

Gråt gjerne dine krokodilletårer, men sjå deg i spegelen og spør deg korleis og kvifor, Europa har vorte slik det no er.

Kva no med di gamle "Handlingsplan mot etnisk diskriminering" og lova mot etnisk diskriminering som du fekk vedteke i 2005, der du gjennom Bondevikregjeringa nesten gjorde oss nordmenn rettslause. Kan t.d. nemne omvendt bevisbyrde.

Heile godheitsindustrien med sine utallege såkalla "humanitære" organisasjonar og så godt som alt av media kan du ta med deg til Paris om de møtes der. Då vil hykleriet vere komplett!
Vi som gjennom mange tiår har åtvara mot det som no skjer har stort sett vore boikotta frå media, uthengde, gjort til latter og kriminaliserte, også av nesten eit samla politikarmiljø. I det politisk korrekte samfunnet har lygna hatt dei beste livsvilkår. No ser vi europearar dei svikefulle og duglause politikarar vi har lete oss lure til å velje som leiarar.

Veit du ,Erna Solberg, om skipa dine i Middelhavet har redda opp frå havet terroristar som har vorte frakte inn til Europa?

Jau, Erna Solberg, dykkar toleranse for alt det framande, det fargerike og "flotte" mangfalde, står sanneleg atter ein gong utan ein tråd. Og det vi då ser er ikkje pent!

Norvald og Bjørg Aasen
Kvammen